fredag 12. januar 2018

Forts. følger Updates;

Eg fekk ein veldig dyktig fastlege, og han sto på for meg og mine. Det har vore mange tak. Eg kom meg ikkje unna fødselsdepresjonen det til tross, men det var helsestasjonens feil. Den historien kan eg heller kome tilbake til, da den er ganske innvikla.
Me har vore igjennom ganske mange prosessar dei siste 4 åra, berg- og dalbane så det holder, men til tross av at det har vore tøft og slitsomt, så har eg fått mange fleire erfaringar, både positive og negative, som eg ellers ikkje ville hatt.

Eg har oppi alt dette kome over på attføring og aap, eg har starta på sjukepleierstudie på veg mot jordmoryrket - som er drømmen.
I tillegg så har eg vore i utredning for å finne ei forklaring på min smerteproblematikk. I helsesystemet har eg vore ein kasteball. Ting har tatt tid, og det har vore fjell som har vore svært vanskeleg å forsere. Noken er enda ikkje forsert, noken er det, mens andre må forkortes.
Eg er ferdig diagnosert no, men eg har jobba intenst for å kom dit eg er no, og eg er ikkje bra og eg vil aldri bli frisk frå dette. Det er kronisk, men eg kan få symptombedring og -lindring. Tilrettelegging i kvardagen. Er i rehabilitering no, og følges opp av Sunnaas Sjukehus.
Her blir eg godt ivaretatt og eg blir tatt på alvor, samt eg treffer andre med same problematikk.

Eg er heldig da. Mange står i dette heilt aleine. Eg har ein mann som eg elskar og som elskar meg, og stiller opp uansett, når han har moglegheit. Han er fortsatt i same jobben, men han er ferdig med turnus i Sør-Korea. Dei siste 3åra har han hatt sånn "me ringer deg inntil et døgn før du må ut"jobb. Det(!) har vore vanskeleg. Og ALDRI kunne planlegge  - det tar på..
I oktober blei han blant dei mange som er blitt permittert, og permitteringstida; 49 veker!
Og over på dagpengar. Det er slitsomt og skapar masse bekymringar.
Det at både han og meg no er i navsystemet, gjer at med havnar mellom nokre stoler for å kunne få refinansiert lån og div. Og ting er dermed også meir uforutsigbart enn før.
Men me håpar på betre tider no som Mannen<3 har fått seg ny jobb, dog den innebærer 6 mnd kursing i Danmark m. ei veke heime ink reisetid - altså 5 fulle dagar heime.
Så eg har bestemt meg for at det neste halvåret og videre framover, skal eg ha full  fokus på egen helse.
Uansett er det viktigare enn nokon gong at eg har støtte og forståelse frå dei rundt meg.

Framover blir eg å prøve å organisere bloggen litt meir. Den skal fortsatt innehalde kvardagens koas og moro, men eg skal også ha tematikkinnlegg, skal blandt anna prøve å få meir struktur på det. Dei siste to innlegga her har kun gått på oppdatering. Tenkt å skrive om fødselsdepresjonen, om sjukepleierstudiar, om livet som 3barnsmamma, om hundeeigar og om avl, om sjukdommen eg har, og om livet egentleg, berre meir tematisert :)



Ingen kommentarer: