torsdag 8. februar 2018

Nytt år, nye mogleheiter

Januar er forbi. Me er kome over i februar allereide.
Det har gått altfor fort syns eg. Føler det slik at eg ikkje heng med i svingane.
Det har skjedd så mykkje siden me gjekk over i 2018, mykkje små ting, men det blir MYKKJE for min del.
Eg har måttet innse; nok ein gong, at eg ikkje er SUPERWOMAN, sjølv om det er nokken folk som skal ha det slik.
Ei venninne ringte meg for å høyre med meg ang svangerskapsproblematikk, fordi eg visstnok er "svangerskapsguruen" hennar - sjølvsagt er det veldig koseleg å høyre at ein har venninner som ser opp til ein pga mykkje ein har vore gjennom, og eg er jo glad i å hjelpe, men når eg prøver å seie at er ho bekymra for nokke burde ho nok heller ta kontakt med fødeavd/jordmor da dei tross alt er fagfolk, og det er ikkje eg enno. Svaret her var; Jammen det er jo ikkje lenge til, dessuten så har du jo gått i gjennom tre ganske tunge svangerskap sjølv så dette er du jo i fingra og kontroll på.

Også dei som seier at dei gler seg til at eg er ferdig som jordmor, for då veit dei i alle fall kven dei skal gå til..!

Forventningar! 
Eg har forventningar opp i halsen og dei tyter ut gjennom øyra!.. 😓
Det er per no ikkje eingong sikkert at eg klarar eller har helse til å gjennomføre spl-utdannelsen, nokke som i seg sjølv er svært sårt for tida. Men det verkar ikkje alle å forstå.
Som ein lærar sa til meg (og det såra meg); du er jo knapt 31 år, og kan jo umulig ha alle disse helseproblemane.

HÆH?! Kva i alle dagar veit vel ho??

Eg skulle verkeleg ynskje at det ikkje var tilfelle at eg har dei plagane eg har, men no har det seg ein gong slik at eg har hypermobil type Ehler-Danlos Syndrom, og eg har det sort på kvitt alle symptomane på det, og eg har fått dokumentert at eg faktisk er varig funkjonsnedsettelse. Ergo; det er slik det er.

Eg har hatt mange planar og draumar. Og draumen om å treffe mannen i mitt liv og å bli mamma, kan eg krysse av på. Eg har verdas beste mann for meg, og i våre og manges auge, dei skjønnaste ongane. Sjølvsagt heilt objektivt sett 😂

Eg har eit kall, og også ein draum, om å bli pastor/teolog. Denne måtte eg legge på hylla ei tid fordi eg ganske kjapt fekk 3 barn og med ein mann i reisejobb, lot det seg ikkje gjere å fullføre utdannelsen i Kristiansand. Eg kjenner på at eg gjerne skulle tatt opp nokken av faga no, men eg må få klarheit i situasjonen med spl.utdanninga mi.
Som bringer meg til neste punkt på lista;
Draumen om å bli jordmor. Frå eg var lita jente, har eg vore over gjennomsnittet interessert i alt som har med skapelsen av liv(altså det som skjer i kroppen ved unnfangelse/befruktning), svangerskap og fødsel, og barsel.
Eg har mange sysken, og mamma hadde ein film om det hugsar eg, det var vel den einaste filmen som eg ifølge aldersgrensen ikkje skulle se, som eg sneik meg til å se likevel. Eg syns alt dette er fantastisk. Korleis kroppen til kvinna jobbar så intenst i 10mnd for så og skulle presse ut ein onge på str med ein vannmelon ut gjennom eit hol på str med ein sitron! 😅 Det er jo berre fantastisk!
Eg skulle i utgangspunktet vere ferdig med spl.utdanninga mi til jul i år. Dette satte NAV ein stoppar for, ved å ordre meg til å ta ut eit års permisjon, som blei til 1,5år grunnet studieløpsendring (starta opp som vårkullstudent og blei overført til høstkull..), så starta opp med studiene igjen hausten 2017.
Og for ein pangstart det vart, men nok om det. Då får eg beskjed frå NAV at eg ikkje hadde trengt å ta den permisjonen, fordi eg hadde jo rett på AAP uansett ut frå tingenes tilstand.. 🙈😩 Eg meiner; Særiøst!? Kunne dei ikkje berre høyrd på meg for 1,5 år siden? .. Sukk...
Og eg har jo ikkje blitt bedre, tvert i mot. Så no er eg usikker på om eg er i stand pr no, å fullføre utdannelsen. Berre det å fullføre neste halve året ser ut til å vere ei stor prøvelse, da helsa mi ikkje er der eg skulle ynskje den var..

I dag har eg bedt om samtale hos NAV, og samtaletime til legen. Har fått gjennom henvisning til psykolog igjen, ptsd og angsten har fått tilbakeslag og eg er redd for å havne i depresjon igjen. Eg har møtt veggen, har skjøvet den foran meg i for lang tid no, men traff den ganske hardt i haust; då også utan å ta det skikkeleg på alvor.. Shame on me!
Kan heller skrive om akkurat det i eit anna innlegg, for det heile var ein skummel opplevelse som eg håpar eg slepp å oppleve igjen!

Men eg har planlagt å byrje å klatre i vegg igjen, og eg skal gjere det saman med mann og barn.
Eg håpar at dette ikkje fell ut, fordi det er ei fysisk og psykisk utfordring som er bra for meg og godt å kan ha å holde på meg saman med mine <3

Eg er meldt opp som handballdommer igjen, eg har ikkje dømt så uhorveleg mykkje, og eg skulle gjerne dømt meir, men helsa mi er nødt til å kome i fyrste rekke - UANSETT.
Der er eg no. Livet har oppturar og nedturar, som hos alle.

I dag var eg og LilleMor<3 på innskriving på skulen. Tenk det; ho byrjar på skulen til hausten - det er heilt sjukt! Og om eitt år har eg ikkje lengre bhg-barn! 😳😅 SHIT! 😂

Life altså 💕


fredag 12. januar 2018

Ny giv nok ein gong

Eg er på Sunnaas sjukehus for oppfølging i rehabilitering. Eg fekk endeleg, i mars 2017, eit namn og forklaring på kvifor eg i så mange år har slitt med både smertar og verk i ledd og musklatur, unødig tankespinn, kvifor enkelte medisinar gjer feil utslag. Kvifor eg støtt er sliten og utmatta, uten at det i utgangspunktet finnes ein god grunn til det. Kvifor eg får prolapsar og har utglidningar i rygg og nakke, og betennelser dannes i musklatur, ledd og bindevev utan nokke orsak.
Og mange fleire ting.
Eg har nokke kalt hypermobilt ehler-danlos syndrom.
Og her på Sunnaas får eg hjelp og oppfølging. Eg blir sett og forstått her. Eg møtar andre som slit med same problematikken. Ein problematikk som er svært sjeldan og veldig klompleks. Ein problematikk som IKKJE er "berre psykisk", nokke eg og dessverre svært mange fleir få høyre opp igjennom ein svært lang og tung veg for å bli høyrd, sett, forstått og utreda rett. Ikkje berre innafor denne sjukdommen, men innafor mange andre også.
Litt som at ein må bekrefte ovenfor NAV at ein fortsatt har Downs Syndrom kvart år.
Systemet er vanskeleg, og det finns dessverre mange ignorante toskar der ute i helsevesenet.

Eg er her på opphald no. Kom ned hit 3.januar; nytt år og nye moglegheiter!

Etter eit av dei hardaste haustane eg kan hugse; og der har vore nokken av dei. Men hausten 2017 tok kaka! På alle måtar. Og den har fått meg til å tenkje .... enno meir.
Og her på Sunnaas er dei gode på å hjelpe meg å sortere tankar, og eg får undervisning i div problematikk og kvardagsløysningar som finns.

Eg har mellom anna vore driiitredd for å starte å blogge igjen. Bloggen har vore ei hjelp for meg tidligare, til å tømme tankane mine og sortere.
Og no har eg bruk for å sortere og rydde. Skal regelrett starte ei vårreingjøring i hodet mitt. Igjen.

Og tenkjer å kanskje starte bloggen litt på scratch, men det får eg heller finne ut av etterkvart. Pr no er status i alle fall; Ny giv!

Forts. følger Updates;

Eg fekk ein veldig dyktig fastlege, og han sto på for meg og mine. Det har vore mange tak. Eg kom meg ikkje unna fødselsdepresjonen det til tross, men det var helsestasjonens feil. Den historien kan eg heller kome tilbake til, da den er ganske innvikla.
Me har vore igjennom ganske mange prosessar dei siste 4 åra, berg- og dalbane så det holder, men til tross av at det har vore tøft og slitsomt, så har eg fått mange fleire erfaringar, både positive og negative, som eg ellers ikkje ville hatt.

Eg har oppi alt dette kome over på attføring og aap, eg har starta på sjukepleierstudie på veg mot jordmoryrket - som er drømmen.
I tillegg så har eg vore i utredning for å finne ei forklaring på min smerteproblematikk. I helsesystemet har eg vore ein kasteball. Ting har tatt tid, og det har vore fjell som har vore svært vanskeleg å forsere. Noken er enda ikkje forsert, noken er det, mens andre må forkortes.
Eg er ferdig diagnosert no, men eg har jobba intenst for å kom dit eg er no, og eg er ikkje bra og eg vil aldri bli frisk frå dette. Det er kronisk, men eg kan få symptombedring og -lindring. Tilrettelegging i kvardagen. Er i rehabilitering no, og følges opp av Sunnaas Sjukehus.
Her blir eg godt ivaretatt og eg blir tatt på alvor, samt eg treffer andre med same problematikk.

Eg er heldig da. Mange står i dette heilt aleine. Eg har ein mann som eg elskar og som elskar meg, og stiller opp uansett, når han har moglegheit. Han er fortsatt i same jobben, men han er ferdig med turnus i Sør-Korea. Dei siste 3åra har han hatt sånn "me ringer deg inntil et døgn før du må ut"jobb. Det(!) har vore vanskeleg. Og ALDRI kunne planlegge  - det tar på..
I oktober blei han blant dei mange som er blitt permittert, og permitteringstida; 49 veker!
Og over på dagpengar. Det er slitsomt og skapar masse bekymringar.
Det at både han og meg no er i navsystemet, gjer at med havnar mellom nokre stoler for å kunne få refinansiert lån og div. Og ting er dermed også meir uforutsigbart enn før.
Men me håpar på betre tider no som Mannen<3 har fått seg ny jobb, dog den innebærer 6 mnd kursing i Danmark m. ei veke heime ink reisetid - altså 5 fulle dagar heime.
Så eg har bestemt meg for at det neste halvåret og videre framover, skal eg ha full  fokus på egen helse.
Uansett er det viktigare enn nokon gong at eg har støtte og forståelse frå dei rundt meg.

Framover blir eg å prøve å organisere bloggen litt meir. Den skal fortsatt innehalde kvardagens koas og moro, men eg skal også ha tematikkinnlegg, skal blandt anna prøve å få meir struktur på det. Dei siste to innlegga her har kun gått på oppdatering. Tenkt å skrive om fødselsdepresjonen, om sjukepleierstudiar, om livet som 3barnsmamma, om hundeeigar og om avl, om sjukdommen eg har, og om livet egentleg, berre meir tematisert :)