torsdag 5. februar 2009

Sal 119,105–112

105 Ditt ord er ei lykt for min fot
og eit ljos på min stig.
106 Eg har svore – og det har eg halde –
å fylgja dine rettferdige domar.
107 Djupt er eg nedbøygd, Herre;
hald meg i live etter ditt ord!
108 Ta vel imot mitt songoffer, Herre,
og lær meg dine domar!
109 Eg går støtt med livet i hendene,
men eg har aldri gløymt di lov.
110 Dei gudlause set snarer for meg,
men eg vildrar meg ikkje bort frå dine føresegner.
111 Dine lovbod er min eigedom for alltid,
ja, dei gleder mitt hjarta.
112 Etter dine føreskrifter rettar eg meg,
og det vil eg alltid gjera til mi siste stund.

AMEN! :)

Ingen kommentarer: