Eg starta opp igjen bloggen fordi ergoterapeut og psykologen på Sunnaas meinte at det kunne vere bra for meg å få tømt meg. Har hatt god erfaring med tidligare, så kvifor ikkje. Tok ikkje lang tid før eg følte at det berre blei enda eit press i alt anna som skjer i livet vårt.
Mannen har som sagt starta i ny jobb det siste året. Dette har innbært kun 10 dagar heime kvar månad fram til og med juni 2018.
I mars bestemte eg meg for å leggje sjukepleien heilt på hylla - ikkje for bestandig, men for no, og i allefall via universitetet eg har hatt tilknytning til. Både kommunikasjon med studentar og internkommunikasjon er tydeleg ikkje noke dei kan - til å vere ein utdanningsinstitusjon har dei ikkje lært det!
Eg orkar ikkje. Rett og slett.
Det har vore hardt, og det har vore -og er, slitsomt å gå rundt med skamfølelse for noko eg ikkje kan noko for.
Eg kan ikkje for at dei ikkje er enige internt der om korleis ting skal vere eller utføres. Eg kan ikkje for at dei ikkje klarar å finne praksisplass til meg, følge avtalar eller gje meg den veiledninga og oppfølginga i praksis som eg har krav på, men også i studiet generelt. Eg var -og er, i attføring, og då gjelder det i tillegg visse reglar dei må rette seg under. Men eg kjenner eg er ferdig med dei.
Dei har ødelagt nok!
Men eg er sint, bærer nag, sjølv om eg ikkje vil det. Ikkje berre til skulen, men og til meg sjølv.
Er stadig redd for at eg ikkje er god nok, at det eg gjer ikkje er perfekt og korrekt utført. At eg ikkje har kontroll.
Kontroll er nok eit stikkord.
Eg er nok litt kontrollfreak, samt eg er perfeksjonist, dog eg prøvar å ikkje vere det fordi eg veit det ikkje er reellt. Det er slitsomt. Veldig slitsomt..
Det er slitsomt å heile tida prøve å regulere meg etter alt og alle, i alt.
Er så mykkje eg vil, så mykkje eg ynskjer å vise, eg vil kunne det meste, gjere det best mogleg, men det er ikkje lett å innse at best mogleg ikkje er oppnåeleg for min del. At eg heller burde gå inn for å gjere så godt eg kan ut i frå kva eg klarar - og at det er godt nok!