Januar er forbi. Me er kome over i februar allereide.
Det har gått altfor fort syns eg. Føler det slik at eg ikkje heng med i svingane.
Det har skjedd så mykkje siden me gjekk over i 2018, mykkje små ting, men det blir MYKKJE for min del.
Eg har måttet innse; nok ein gong, at eg ikkje er SUPERWOMAN, sjølv om det er nokken folk som skal ha det slik.
Ei venninne ringte meg for å høyre med meg ang svangerskapsproblematikk, fordi eg visstnok er "svangerskapsguruen" hennar - sjølvsagt er det veldig koseleg å høyre at ein har venninner som ser opp til ein pga mykkje ein har vore gjennom, og eg er jo glad i å hjelpe, men når eg prøver å seie at er ho bekymra for nokke burde ho nok heller ta kontakt med fødeavd/jordmor da dei tross alt er fagfolk, og det er ikkje eg enno. Svaret her var; Jammen det er jo ikkje lenge til, dessuten så har du jo gått i gjennom tre ganske tunge svangerskap sjølv så dette er du jo i fingra og kontroll på.
Også dei som seier at dei gler seg til at eg er ferdig som jordmor, for då veit dei i alle fall kven dei skal gå til..!
Forventningar!
Eg har forventningar opp i halsen og dei tyter ut gjennom øyra!.. 😓
Det er per no ikkje eingong sikkert at eg klarar eller har helse til å gjennomføre spl-utdannelsen, nokke som i seg sjølv er svært sårt for tida. Men det verkar ikkje alle å forstå.
Som ein lærar sa til meg (og det såra meg); du er jo knapt 31 år, og kan jo umulig ha alle disse helseproblemane.
HÆH?! Kva i alle dagar veit vel ho??
Eg skulle verkeleg ynskje at det ikkje var tilfelle at eg har dei plagane eg har, men no har det seg ein gong slik at eg har hypermobil type Ehler-Danlos Syndrom, og eg har det sort på kvitt alle symptomane på det, og eg har fått dokumentert at eg faktisk er varig funkjonsnedsettelse. Ergo; det er slik det er.
Eg har hatt mange planar og draumar. Og draumen om å treffe mannen i mitt liv og å bli mamma, kan eg krysse av på. Eg har verdas beste mann for meg, og i våre og manges auge, dei skjønnaste ongane. Sjølvsagt heilt objektivt sett 😂
Eg har eit kall, og også ein draum, om å bli pastor/teolog. Denne måtte eg legge på hylla ei tid fordi eg ganske kjapt fekk 3 barn og med ein mann i reisejobb, lot det seg ikkje gjere å fullføre utdannelsen i Kristiansand. Eg kjenner på at eg gjerne skulle tatt opp nokken av faga no, men eg må få klarheit i situasjonen med spl.utdanninga mi.
Som bringer meg til neste punkt på lista;
Draumen om å bli jordmor. Frå eg var lita jente, har eg vore over gjennomsnittet interessert i alt som har med skapelsen av liv(altså det som skjer i kroppen ved unnfangelse/befruktning), svangerskap og fødsel, og barsel.
Eg har mange sysken, og mamma hadde ein film om det hugsar eg, det var vel den einaste filmen som eg ifølge aldersgrensen ikkje skulle se, som eg sneik meg til å se likevel. Eg syns alt dette er fantastisk. Korleis kroppen til kvinna jobbar så intenst i 10mnd for så og skulle presse ut ein onge på str med ein vannmelon ut gjennom eit hol på str med ein sitron! 😅 Det er jo berre fantastisk!
Eg skulle i utgangspunktet vere ferdig med spl.utdanninga mi til jul i år. Dette satte NAV ein stoppar for, ved å ordre meg til å ta ut eit års permisjon, som blei til 1,5år grunnet studieløpsendring (starta opp som vårkullstudent og blei overført til høstkull..), så starta opp med studiene igjen hausten 2017.
Og for ein pangstart det vart, men nok om det. Då får eg beskjed frå NAV at eg ikkje hadde trengt å ta den permisjonen, fordi eg hadde jo rett på AAP uansett ut frå tingenes tilstand.. 🙈😩 Eg meiner; Særiøst!? Kunne dei ikkje berre høyrd på meg for 1,5 år siden? .. Sukk...
Og eg har jo ikkje blitt bedre, tvert i mot. Så no er eg usikker på om eg er i stand pr no, å fullføre utdannelsen. Berre det å fullføre neste halve året ser ut til å vere ei stor prøvelse, da helsa mi ikkje er der eg skulle ynskje den var..
I dag har eg bedt om samtale hos NAV, og samtaletime til legen. Har fått gjennom henvisning til psykolog igjen, ptsd og angsten har fått tilbakeslag og eg er redd for å havne i depresjon igjen. Eg har møtt veggen, har skjøvet den foran meg i for lang tid no, men traff den ganske hardt i haust; då også utan å ta det skikkeleg på alvor.. Shame on me!
Kan heller skrive om akkurat det i eit anna innlegg, for det heile var ein skummel opplevelse som eg håpar eg slepp å oppleve igjen!
Men eg har planlagt å byrje å klatre i vegg igjen, og eg skal gjere det saman med mann og barn.
Eg håpar at dette ikkje fell ut, fordi det er ei fysisk og psykisk utfordring som er bra for meg og godt å kan ha å holde på meg saman med mine <3
Eg er meldt opp som handballdommer igjen, eg har ikkje dømt så uhorveleg mykkje, og eg skulle gjerne dømt meir, men helsa mi er nødt til å kome i fyrste rekke - UANSETT.
Der er eg no. Livet har oppturar og nedturar, som hos alle.
I dag var eg og LilleMor<3 på innskriving på skulen. Tenk det; ho byrjar på skulen til hausten - det er heilt sjukt! Og om eitt år har eg ikkje lengre bhg-barn! 😳😅 SHIT! 😂
Life altså 💕