lørdag 15. juli 2017

Updates!

Bloggen slutta litt brått etter forrige innlegg, som var for sånn ca 4,5 år sidan. Årsaken; like etter det innlegget blei skrevet, følte eg på meg at noke ikkje heilt var som det skulle. Eg var dårleg, blei regelrett sjuk og fekk feber for den minste lille ting, eg tålte fint lite. Eg skjønte sjølv fort kva som var "galt", men blei beroliga av både mannen og lege om at det "ikkje var noke slikt". Det visste seg at for ein gong skuld, litt dessverre (i allefall då var det det), hadde eg rett og dei så feil som det går an. Det viste seg at mistanken min var rett; to strekar på testen; eg var GRAVID med nr3, og med ein baby på 3 mnd og en gutt på 2 år, var ikkje dette akkurat det eg så for meg! I tillegg hadde eg jo skulen, eg ville jo gjere meg ferdig. Var tungt nok å skulle ha med seg eit spedbarn på skulen etter å ha levert ein i bhg, når mannen var ute på jobb i Sør-Korea, med bekkenløysning al mass og eit labert immunforsvar.
Ein kan jo forstå litt av det som gjekk gjennom hodet på meg, når eg etter å ha sendt mld til Jordmora vår her nordpå (ei strålande, fantastisk dame vel og merke) om kor raskt kan eg få kontrollultralyd - eg kjem nordover til påske? Og får mld tilbake; Å kjære vene!! ..... Vi ordnar dette -.-

Påska kom og gjekk, og derpå alle vårens festligheiter.

Ein normal reaksjon hadde vel vore å seie frå til familie og vener og skule om situasjonen, men eg klarte det ikkje; Eg skamma meg nemleg! Så inderleg! Og sjølv om eg veit at eg hadde INGEN grunn til det, eg var både godt gift og alt, så skamma eg meg.
Eg var plutseleg berre ho som ikkje klarte å "knipe saman". Skal seies at me brukte prevensjon, så sjangsen skulle også denne gongen vere minimal for at eg skulle bli gravid, men eg har då to andre som er bevis på at prevensjon ikkje alltid fungerar. No har eg 3!
Var kun 3 stk som fekk vite utenom legen; jordmora, og ei kusine og ei venninne som budde i Kristiansand.
Eller 6 når eg tenkjer meg om; tannlegen (skulle egentleg operere ut 4 stk visdomstenner), kiropraktoren og fysioterapeuten fekk og vite, av naturlege årsakar.

Det tok ei stund før eg sa fra fyrst til skulen via min fastlege, men eg fekk ikkje særleg tilrettelegging av skulen. Blei tilslutt sjukemeldt - igjen. Nok ein ting å leggje på skammen..
Eg klarte ikkje å sjå at det at eg bar fram eit heilt liv, var noke positivt, fordi det tok frå meg så mykkje av det EG ynskja å gjere. Eg kunne ikkje fungere optimalt, hadde lavt immunforsvar, hadde lungebetennelse på lungebetennelse. Infeksjonar hit og dit. Eg kunne ikkje studere på skulen, eg var konstant sliten, og mannen min jobba i Sør-Korea, og eg følte meg som ein navla byrde for han; han har det jo ikkje bra når eg ikkje har det bra.

Eg og ongane kjørte til Sandnes og feira 17.mai hos ei svigerinne m. fam. Dagen etter får me tlf om at svigermor var innlagt på sjukehus med infeksjon og alvorleg organsvikt, og lagt i kunstig koma. Og siden eg var så mykkje "sjuk" og me hadde vore der på besøk, så var det nok min feil. Mannen min sa derfor at eg skulle seie kva for slags "sjuk" eg var. Då var svaret; "kva tenkjer me egentleg på?! Hadde me ikkje nok med dei to me hadde!?"

Enda meir skamfull!

Eg var sliten, såå enormt sliten, eg skjulte det så godt eg kunne, men då LilleKnøttet <3 blei skikkeleg sjuk, mannen ute, eg måtte balansere mellom innleggelser, permer for å kunne levere og hente eldstemann i bhg, måtte få soveperm heime på natta fordi eg ikkje fekk egen seng til meg og eldstemann på sjukehuset. Alle eg kjente sørpå var jo studentar og hadde eksamenar i denne tida, dermed var det lite hjelp å få.
Nok var nok! Etter ei veke slik, med dårleg samvete på toppen fordi eg ikkje kunne besøke mi svigermor på sjukehuset i Arendal som svevde mellom liv og død, var det nok! Eg gav klar beskjed til mannen min om at enten så fekk han skaffe seg jobb heime på land, eller så var me nødt til å flytte nordover. Familien min visste enda ikkje at me venta nr3, men dei kunne i alle fall hjelpe og avlaste meg i slike vanskelege perioder.
Min pappa fekk vite at me skulle flytte nordover fordi han måtte gå på visningar for oss, av naturlege årsakar.
Ei veke, halvanna etter dette, var huskjøpet i boks!
Ting letta LITT på eit vis..

Mamma, pappa og syskna mine skulle kome to veker på feriebesøk til oss, fordi me skulle ha barnevelsignelse for LilleKnøtt<3. Dei ankom hos oss, akkurat når me kom heim frå sjukehuset etter 18vekerskontrollen. Hugsar mamma spurde om korleis det gjekk med huskjøp, kor av me svarte at huset vert solgt. Åh, om me visste kven som hadde kjøpt?
Ja, det var oss det! :D Også tok eg fram ULbileta frå stelleveska; "og dette er orsaka til at me vel å flytte"..
Mamma heldt på å gå i bakken!
Det hadde alt vore min reaksjon  mange mnd det.. I løpet av to veker var me pakka ut av leiligheita, og eg og ongane reiste nordover, men mannen samstundes reiste på jobb igjen..

Nordpå kunne eg byrje med "nesting".. Eller det vil sei; eg fekk tankane mine bort på noke meir konstruktivt.
Med flytting innebærer legebytte;
Eg må seie, at eg dog den beste fastlegen m.familie der søre. Under avslutningshelga til skulen, så hjelp dei meg med babyen så eg kunne prøve og slappe litt av. Han var nok bra bekymra for meg, Doktoren, men det hadde nok eg og vore om eg var i hans sko. Og med rette.
Eg hadde behov for tett oppfylgjing i sv.skapet av fastlege og jordmor, grunnet svangerskapsangst, og symptomar på sv.skapsdepresjon, noke eg var bestemt på å unngå. Eg har vore i "mørket" før og hadde inga planar om å havne i det med ongar inne i bilete.
Eg har eit ynskje heile vegen å vere den beste eg kan vere for mine små. Eg fekk ein ny fastlege som prata med min forrige fastlege for å "bli kjent" med den medisinske meg, slik at eg skulle få overgangen enklast mogleg. Dette var noke EG ba om.
Eg hadde timar hos rådgivande jordmor på sjukehuset også, fekk (så langt det lar seg gjere) skrevet ned og forklart korleis eg ville ha fødselen og kven som skulle få vere til stades under fødselen. Eg gjorde det eg og ressursane rundt meg kunne for å hindre at eg skulle få fødselsdepresjon.

   Forts. følger..